NT-ligaen avd.4:Kampfakta og intervjuer.

243

Litt om den 16 serierunden i Norsk Tipping-Ligaen avd.4:  Førde-Haugesund2:  Måla til Førde vart scora av:  Brage Sandvoll,Vegard Savland. Slutt resultat: 2-0. Litt om kva trenarane syns om kampen:  Førde trenar Bjørn Totland hadde dette å seie om kampen:  Vi forsett framgangen.Held tett bak og produsera masse framover. Gutta er lojale. Det var ein fortjent siger. Haugesund2 trenar Espen Langøen Bull-Tornøe hadde dette å seie om kampen:  Vi spelte ein god første halvtime,men så tok Førde over og er knepent betre resten av kampen. Alt i alt så vant dei fortjent. Herd-Brann2:  Måla til Herd vart scora av:  Jon Andrè Ingebrigtsen,Audun Kåre Øvrelid,Vegard Bruland,Kristian Hjelvik Halvorsen,2*Ingolfur Örn Kristjansson. Måla til Brann2 vart scora av:  Normann Misje Roman,Even Hepsø Vetås. Slutt resultat:6-2. Brann2 trenar Morten Kalvenes hadde dette å seie om kampen:  Vi tok ledelsen 0-1 på ein corner og har ein ok start. Forferdeleg forsvarspel gjere at Herd ledar 4-1 til pause. 2.omgang vart noko betre,men vi leverar årsverste. Spjelkavik-Varegg:  Måla til Spjelkavik vart scora av:  Benjamin Skulstad Sunde,Roald Andreas Knoph Runde. Måla til Varegg vart scora av: 2* Manuel Victor Almeida De Carvalho. Slutt resultat:2-2. Trenarane hadde dette å seie om kampen:  Spjelkavik trenar Frode Fagermo hadde dette å seie om kampen:  2-2 utan at Varegg ein einaste målsjanse,2 enorme keepertabbar med 3 minutt mellomrom. Det var årsbeste av Vika,einvegskjøyring i store delar av kampen. Varegg trenar Hiep Tran hadde dette å seie om kampen:  Det vart ein skikkeleg knokkelkamp på ein tung grasmatte. Vi sleit med å etablera eige angrepspel mot eit lag som spelte på det fysiske. Fekk problemar med både motspelet og baneforholdet. I tillegg at dommaren gjorde mange rare avgjørelsar som skapte mykje frustasjon hos spelarane. Er fornøgd med uavgjort sånn som kampen utvikla seg. Fjøra-Os:  Måla til Fjøra vart scora av:  Arild Underdal,Per Eirik Lunde. Måla til Os vart scora av:  2*Erik Kanestrøm. Slutt resultat:2-2. Fjøra trenar Knut Almås hadde dette å seie om kampen:  Første omgang så vart vi springande ein del i mellom. Spesielt så hadde vi problem med bevegelsane til indreløparane. Men vi hadde nokre giftige og farlege overgangar som vi kunne ha utnytta betre. I pausen fekk vi justert presshøgda og strukturen defensivt. Dette gjorde til at vi kom meir med i kampen. Lagmoralen,gløden som spelarane viser er imponerande!! Før kampen hadde vi fokus på dødballar både for og mot. Spelarane løyste dette på ein svært god måte. Null baklengs på dødball og 2 scoringar på dødballar. Godt jobba. Dei to kampane som vi har spelt etter ferien viser at vi er eit hardtarbeiande lag,der vi er heilt på høgde med begge laga. Aalesund2-Sotra:  Målet til Aalesund2 vart scora av: Markus Seehusen Karlsbakk. Måla til Sotra vart scora av:  Frederic Falck,Øyvind Nilsen. Slutt resultat:1-2. Trenarane hadde dette å seie om kampen:  Aafk2 trenar Erling Ytterland hadde dette å seie om kampen:  Det var nok ein god kamp av oss. Det var ein heilt jamn kamp som vart avgjort i begge boksar. Sotra trenar Tommy Knarvik hadde dette å seie om kampen:  Aalesund2 starta kampen bra og var gode første 15-20 minuttane dei ledar fortjent kampen. Klarar å få oss inn att i kampen igjen med scoring midtvegs i 1.omgang.Etter det så syns eg at vi hadde god kontroll på resten av kampen. Styrte mykje av banespelet. Flott scoring av Øyvind Nilsen som vart avgjerande. FK Fyllingsdalen-Brattvåg:  Målet til FK Fyllingsdalen vart scora av:  Thor Kristian Økland. Måla til Brattvåg vart scora av:  Niklas Rekdal,3*Torbjørn Grytten. Slutt resultat:1-4. FK Fyllingsdalen trenar Roar Fredriksen hadde dette å seie om kampen:  Det var dårleg start på begge omgangane,øydela kampen for oss. Lysekloster-Stord:  Måla til Lysekloster vart scora av:  Thorvald Trætteberg,Espen Birkeland. Målet til Stord vart scora av:  Malvin Ingebrigtsen. Slutt resultat:2-1. Lysekloster trenar Ruben Hetlevik hadde dette å seie om kampen:  Det var spel mot eit mål gjennom heile kampen,2-1 burde ha vore 6-0! Den neste runden i Norsk Tipping ligaen avd.4 blir spelt slik:  Haugesund2-Herd:   17.08 kl:14:30. Stord-Fyllingsdalen: 18.08 kl:19:00. Brattvåg-Førde:       19.08 kl:13:00. Sotra-Spjelkavik:     19.08 kl:14:30. Varegg-Fjøra:          19.08 kl:16:00. Os-Lysekloster:       20.08 kl:15:00. Brann2-Aalesund2:  21.08 kl:18:00.

Fotball diskuterer du i vår FB-gruppe: Vi som elsker fotball
Engelsk fotball diskuterer du i vår FB-gruppe: Vi som følger engelsk fotball
Norsk fotball diskuterer du i vår FB-gruppe: Vi som følger norsk fotball
Tysk fotball diskuterer du i vår FB-gruppe: Vi som følger tysk fotball
Spansk fotball diskuterer du i vår FB-gruppe: Vi som følger spansk fotball
Italiensk fotball diskuterer du i vår FB-gruppe: Vi som følger italiensk fotball
Fransk fotball diskuterer du i vår FB-gruppe: Vi som følger fransk fotball
Sport diskuterer du i vår FB-gruppe: Vi som elsker sport

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

- Annonse -