Perlescoring i sterk Aalesundsiger

121

Etter fleire timar med snømåking skulle tabellnaboane Sogndal og Aalesund møtast på ei grøn kunstgrasmatte i sju kuldegrader kalde Sogndal. Hannu Patronen og Rune Bolseth vart hylla før- og undervegs i kampen, då Bolseth legg opp, og Patronen reiser heim til Finland, og HJK Helsinki etter sesongen. Laga hadde ikkje mykje å spele for, det einaste var at vinnaren av kampen ville ta niande plass på tabellen.

Opningsminutt som varma i iskalde Sogndal

Sogndal starta kampen best, og etter tre minutt sendte franske Cristophe Psyche Sogndal i leiinga. Frå venstrekanten slo Ole Amund Sveen vakkert- og presist inn til Psyche som stanga sogndølene i leiinga, men gleden var kortvarig. For ti minutt seinare tok Mos jobben i eigne hender. Spissen dro seg laus på høgresida og avslutta kontant like innafor nærmaste stolpe. 1-1 og Aalesund tilbake på niande plass. Det er sjeldent at det blir scora fleire mål enn to på Fosshaugane, men denne runden skulle vere unntaket som bekrefta regelen. Først slår assistkonge Koomson inn frå høgre, håplaus markering i Aalesund sin 16-meter gir Ramsland enkle arbeidsforhold. Mandalitten stanger inn 2-1 få minutt etter utlikninga. Men det gav seg ikkje der; For der Dyngeland kanskje burde tatt Aalesund sitt første mål, var han sjanselaus på det andre. Thrandarson drog seg laus frå Koomson og bøyde ballen i krysset frå rundt 20-meter. Ei perle av dei sjeldne, og meir skulle det bli. For om scoringa til venstrekant Thrandarson var fin, så var scoringa til høgrekant Edwin Gyasi enda finare! Hollendaren drog av Birkelund først ein gong, så ein gong til, før kantspelaren limte ballen i lengste kryss. 2-3 og sambafotball på Fosshaugane.

– Det er på ein måte signaturscoringa mi, sa Gyasi til Tv2 i pausen.

- Annonse -

Etter ein halvtime med stillingskrig smalt det igjen. Aalesund fekk frispark midt på bana, ballen vart sendt ut til høgre i Sogndal sin 16-meter. Ballen blir tatt ned og slått hardt inn foran mål der Teniste var uheldig og satt ballen i eget mål fra kloss hald.

Sogndal (4-4-2): Mathias Dyngeland – Taijo Teniste, Christophe Psyche, Hannu Patronen, Jukka Raitala – Gilbert Koomson (Edin Øy 85 min), Rune Bolseth Ruben Holsæter 68 min), Eirik Birkelund (Mahatma Otoo 58 min), Henrik Furebotn – Ole Amund Sveen, Martin Ramsland

Aalesund (4-4-2): Andreas Lie – Adam Örn Arnason, Daniel Grétarsson (Tero Mantyla 76 min), Oddbjørn Lie (Edvard Skagestad 60 min), Mikkel Kirkenskov – Edwin Gyasi, Petter Orry Larsen, Fredrik Carlsen, Aron Thrandarson – Vebjørn Hoff (Sondre Fet 86 min), Mostafa Abdellaoue

Gult kort: Rune Bolseth, Hannu Patronen (SIL), Mikkel Kirkeskov, Adam Örn Arnason (AAFK)

 

Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.

[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]

Kommentarer

kommentarer

- Annonse -