Det var duka til fest i Sogndal, då derbyet mot SK Brann endeleg skulle spelast på ein laurdag. Fosshaugane Campus var for fyrste gong utseld og heile bygda var pynta til fest, men fotballen stod ikkje i stil med oppladinga. Det vart ein 90 minuttar lang slåstkamp i derbyet i verdas einaste Tippeligabygd.
Overtenning for raude Acosta
Omgangen var prega av at begge lag slo langt. Sogndal har tidlegare hatt suksess med høgt press mot ballspelande lag, det hadde Brann-trenar, Lars Arne Nilsen, fått med seg. I stedet for å spele i bakre ledd vart det tidleg spelt opp mot Jacob Orlov, men etter halvtimen tok kampen ei uventa vending. Første omgangen likna meir på ein brytekamp, og duellane vart mange og harde. Til slutt valde Martin Ramsland å ta hemn på Brann sin back, Amin Nouri. Mandalitten til Sogndal gjekk altfor hardt inn i Nouri, noko som satte sinnet i kok hos Brannspelarane. Det enda i tumulter, der Bismar Acosta mista hovudet og skubba Henrik Furebotn i ansiktet. Det heile enda med at dommar Martin Lundby viste ut Brannstopparen.
Fortsette med høg temperatur
Til andre omgang kom Rune Bolseth inn for Sogndal, medan Azar Karadas kom inn for Brann. Kaptein Bolseth vart med på den ampre stemninga og fekk tidleg eit gult kort, for å ha dytta til Heltne Nilsen etter at han felte sunnmøringen. Med Karadas fekk Brann inn den ultimate krigaren i kampen om vestlandet. For med sin eineståande fysikk og enorme vinnarvilje fungerte Karadas som eit angrep aleine på topp, og skapte Brann sin største sjanse på nettopp det. For då eidaren fekk ballen feilvendt med Psyché i ryggen brukte han all fysikken sin til å komme seg rundt franskmannen før avslutninga frå 16-meter gjekk i nettveggen bak Mathias Dyngeland. Sogndal på si side dominerte banespelet, utan å skape noko i opent spel. I staden vart ein dødball svært farleg, då nettopp Psyché kom seg laus og fekk stussa hjørnesparket mot bakerste stolpe, der var Sveen ei skolengde unna å sende vertane i leiinga. Mot slutten av kampen hadde Sogndal alt av spel, men fortsatt utan nokon store sjansar. I staden ebba det ut i 0-0, i ein kamp eit derby verdig.
Kampfakta:
Gule kort: Piotr Leciejewski, Daniel Braaten (alle Brann) Henrik Furebotn, Martin Ramsland, Rune Bolseth (Sogndal)
Raude kort: Bismar Acosta (Brann)
Tøft og ampert. Slik det skal vere i eit derby. Ikkje lett å ta poeng på Fosshaugane. Slik eit derby skal vere. Vi ynskja alltid å ta tre poeng, men slik som kampen vart er det greit.
Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.
[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]