Då er det like før det smell til med ein ny serierunde i Norsk Tipping ligaen avd.4. Her kjem det litt om kva dei ulike trenarane tenkjer om helgas kampar. Runden blir åpna med Stord-Førde som blir spelt i morgon kl:13:00. Sotra-Fjøra: Heimelaget sin trenar Tommy Knarvik har dette å seie om morgon dagens kamp: Det blir ein ny tøff kamp for oss,fin test for oss. Viktig at vi klarar å atterskape dei gode prestasjonane våre. Ta med oss den gode følelsen vi har fått igjennom ein god start på sesongen. Vi veit at vi må være 110% klar og fokusert i kvar einaste kamp vi spelar. Sånn tenkjer vi også i morgon. Det er veldig småmarginer i denne divisjonen mellom siger og tap. Vi gledar oss til kamp og guttane er godt forbredt. Os-Varegg: Bortelaget sin trenar Hiep Tran har dette å seie om morgon dagens kamp: Det blir ein jamn kamp mellom to jamn gode lag. Vi har hatt eit bra tak på dei det siste,men dei er nok gira på å stoppe den trenden. Os har jo ambisjonar om å rykkje opp,så vi må nok være på vårt beste for å kunne kapre 3 poeng. Stord-Førde: Bortelaget sin trenar Bjørn Totland har dette å seie om morgon dagens kamp: Eg tenkjer at vi skal vere offensive og ta 3 poeng. Brann2-Spjelkavik: Heimelaget sin trenar Morten Kalvenes har dette å seie om søndagens kamp: Det blir ein tett og jamn kamp på søndag. Bortelaget sin trenar Frode Fagermo har dette å seie om søndagens kamp: Alle kampar så langt har vitna om ein veldig jamn avdeling, tøff kamp om kvart poeng. Slik blir det også mot eit godt Brann2. Vi går sjølvsagt for poeng. Lysekloster-Fyllingsdalen: Heimelaget sin trenar Ruben Hetlevik har dette å seie om søndagens kamp: Bortelaget er ein av opprykk favorittane så vi er forbredt på ein tøff kamp. Haugesund2-Aalesund2: Heimelaget sin trenar Espen Langøen Bull-Tornøe har dette å seie om måndagens kamp: Forventer ein spennande og tett kamp mellom det som blir sannsynlegvis blir to jr lag. Begge A-laga har kamp dagen etter. Vi har veldig lyst på vår første seier og håpar at den kjem mot Aalesund2. Den 5 serierunden i avdelinga blir spelt slik: Stord-Førde 13.05 kl:13:00. Os-Varegg 13.05 kl:14:00. Brattvåg-Herd 13.05 kl 14:00. Sotra-Fjøra 13.05 kl:16:00. Lysekloster-Fyllingsdalen 14.05 kl 18:00. Brann2-Spjelkavik 14.05 kl:16:00. Haugesund2-Aalesund2 15.05 kl:14:30.
Fotball diskuterer du i vår FB-gruppe: Vi som elsker fotball
Engelsk fotball diskuterer du i vår FB-gruppe: Vi som følger engelsk fotball
Norsk fotball diskuterer du i vår FB-gruppe: Vi som følger norsk fotball
Tysk fotball diskuterer du i vår FB-gruppe: Vi som følger tysk fotball
Spansk fotball diskuterer du i vår FB-gruppe: Vi som følger spansk fotball
Italiensk fotball diskuterer du i vår FB-gruppe: Vi som følger italiensk fotball
Fransk fotball diskuterer du i vår FB-gruppe: Vi som følger fransk fotball
Sport diskuterer du i vår FB-gruppe: Vi som elsker sport
Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.