Kjetil Rekdal var alt anna ein fornøgd etter andre tap på rad.
Fosshaugane Campus bada i sol før kampstart og det skulle bli ein fartsfylt søndag i Sogndal. Kampen bølga fram og tilbake frå start, både Brown og Zahid for Vålerenga og Otoo for Sogndal skussla vekk sjansa før fem minutt var spelt.
Sogndal dominans
Snaut ti minutt ut i kampen kom dagens einaste mål. Sveen kom seg rundt på Sogndals venstreside og slo hardt inn mot Otoo, litt heldig fekk Ghanesaren forlenga ballen bak til spisskollega Ramsland som breidsida inn sitt fyrste mål for klubben. Etter målet kom både Koomson, Otoo og Sveen til store sjansar for heimelaget og Kjetil Rekdals menn hadde meir enn nok med å forsvare seg.
Nok ein skade for Vålerenga
Før kampen var Marcus Sandberg og Jesper Arvidsson skada og like før pause føya Robert Lundstrøm seg inn i rekka. Backen fekk seg ein trøkk etter ei takling og greide ikkje å fortsette – til tross for fleire forsøk. Inn kom Simen Juklerød og Rekdal vart tvungen til formasjonsendring – med hell. Laget som starta andre omgang pressa høgare i bana og nøytraliserte heimelaget sin dominans som hadde prega dei fyrste førtifem. Til tross for eit meir aggressivt Vålerenga var ikkje prestasjonane på siste tredjedel gode nok til å kome til sjansar. Sogndal gav lite bakrom noko som gav Deshorn Brown og Omarsson lite bakrom å boltre seg i. Den siste halvtimen vart prega av mykje oppstykka spel og eit Sogndallag som spelte på lav risiko.
-Ein fantastisk god følelse
Sogndals kaptein, Rune Bolseth var svært godt fornøgd med kampen.
– Det er ein fantastisk god følelse å starte med siger på heimebane, dei tre poenga blir spesielt viktige etter tapet i serieopninga. -Vi er vel nærmare to null enn dei er utlikning.
Forrige helg fekk Vålerenga skryt av sin eigen trenar til tross for tap. Etter dagens kamp var derimot Vålerenga-trenaren ikkje like fornøgd, i intervjuet til Tv2 etter kampen fekk hovudstadslaget passet påskrevet av Rekdal. -Vi er pinleg svake, første omgangen er forferdelig og andre omgangen er svak. Å tru at du kan møte opp til kamp, heppe rundt og vinne i Tippeligaen, då har du bomma totalt.
Kampfakta:
Sogndal – Vålerenga 1-0 (1-0)
Arena: Fosshaugane Campus
Tilskodertal: 3453
Dommar: Kai Erik Sten, Gneist IL
Sogndal (4-4-2): Mathias Dyngeland – Taijo Teniste, Bjørn Inge Utvik, Hannu Patronen, Jukka Matias Raitala – Ole Amund Sveen, Rune Bolseth(Christophe Psychè 83), Babacar Sarr, Gilbert Koomson(Ruben Holsæter 75) – Martin Ramsland, Mahatma Otoo(Kristian Fardal Opseth 62)
Benk: Kristian Rutlin, Christophe Psychè, Kristian Fardal Opseth, Eirik Skaashiem, Ruben Holsæter, EIrik Birkelund, Simen Brekkhus.
Vålerenga: Aslak Falch – Enar Jaager, Kjetil Væhler, Simon Larsen, Robert Lundstrøm (Simen Juklerød 45) – Rasmus Lindkvist, Herman Stengel(Christian Grindheim 72), Sander Berge, Daniel Fredheim Holm – Ghayas Zahid(Elias Mar Omarsson 65) – Deshorn Brown
Benk: Adrian Møller, Niklas Castro, Rino Falk Larsen, Christian Grindheim, Simen Juklerød, Elias Mar Omarsson, Mohammed Abdellaoue
Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.
[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]