Det var klart for ein morosam kamp mellom Slavia Praha og Chelsea i Europaliga kvartfinalen. Chelsea var storfavoritter sjølv om dei speler på bortebane. Chelsea kom frå ein god seier mot West Ham. Praha vant solid over Dukla Praha 5-1 på laurdag. Chelsea kom ut i ein forventa 4-3-3 formasjon, mens Praha kom i ein solid 4-2-3-1. Chelsea start med Oliver Giroud som er toppscorar i Europligaen. Laget frå London hadde vunne 4 av deira 5 siste kamper i Europaligaen. Mens Slavia Praha har vunne 2 av deira siste 5. I dei siste 5 kampane har Chelsea skåra i snitt 3 mål. 2,4 har Praha i snitt i Europligaen.
Kampen var i gang. Det var ein rolig start på kampen. Chelsea visste at dei hadde god tid når dei hadde 180 minutt på å skåre mål. Chelsea var best dei første 15 minutta sjølv om Slavia Praha hadde god kontroll på alle utanom Wilian, som var litt for god for forsvaret deira. Etter 21 minutt hadde Petr Sevcik eit skot som gjekk rett på keeper Kepa Arrizabalaga. Men det var det nærmaste laga hadde vert før i det 25. minutt. Chelsea hadde ingen store sjansar før i det 25 minutt. Det var Willian som fekk ballen, han tok to steg innover i bana før han avslutta, og avslutninga gjekk i tverrliggaren og ut. Ein meget god sjanse for Chelsea.
Og det var den siste og einaste store sjansen som kom i førsteomgang. Slavia Praha kunne være strålande fornøgd med og holde 0-0 til pause og ikkje bare det, dei hadde vert minst like gode som Chelsea. Dei var med og styrte kampen, og forutan om den ein sjansen til Willian så hadde dei hatt stål kontroll.
Andre omgang var i gang. Chelsea var mykje kvikkare i andre omgang. Og det var dei som var nærmast og skåre dei første ti minutta. Men prestasjonane var ikkje betre enn at Eden Hazard mått inn 13 minuttar inn i andre omgang. 15 minuttar ut i andre omgangen var det eit hjørnespark som blei tatt. Inne i feltet blei ballen stussa vidare til Antonio Rudiger som fekk avslutta, men ein strålande keeper gjore at Slavia Praha fortsatt var med i kampen. Men Hazard klart ikkje og sette sitt preg på kampen.
Etter 68 minutt fekk Slavia ballen og starta ein kontring. Det var Ibrahim Benjamin Traore som fekk avslutta kontringar, med ein kanon av eit skot, som Kepa klarte og redde. Det var den største sjansen Slavia Praha hadde hatt denne kampen. Men i det 78 minutt var ballen i mål. Det var Jorginho som sette ballen i mål. Men dessverre for Chelsea var Giroud i offside. Slavia Praha svarte med og skape ein enorm sjanse. Det var eit innlegg som Kepa ikkje klarte og bokse heilt ut, og ballen endte hos Jan Boril som klarte og avslutte, men Kepa redda denne.
Men tilslutt blei det mål. Og denne gangen var det ikkje offside. Det kom eit innlegg frå Willian, og inne i feltet sto Marcos Alonso og stanga ballen i mål. 1-0 til Chelsea og nå hadde dei eit godt utgangspunkt til oppgjøret i England. Man kan diskutere om det var fortent eller ikkje, men fotball handlar om og skåre mål og det var Chelsea som klarte det. Og det blei sluttresultatet. 1-0. Slavia Praha klarte ikkje og svar etter målet.
Har du tips til noe vi kan skrive om? Trykk på knappen under for å sende inn ditt tips! Vi premierer årets tips med en valgfri drakt.
[pro_ad_display_adzone id="45068" flyin="1" flyin_position="bottom-right"]